Dette går fram i ei pressemelding tysdag. Publikumsauka skjer trass i at temperaturmålaren knappast bikka tolv nordavindsgrader, og trass i fjorårets knallvêr. Dette er noko styreleiar i Herøyspelet, Linn Therese Sævik, er svært nøgd med.

- Herøyspelet har vore gjennom ei fornying, både på og rundt scena, og vi håper det er dette vi ser resultatet av. I fjor laga vi til vikingleir med aktivitetar for heile familien, i tillegg til at vi hadde open hagefest om kvelden. I år er det lagt vekt på å utvikle sjølve spelet, seier Sævik.

- Og det er ekstra stas å sjå så mange ukjende ansikt mellom gjestene våre. Her har vore mykje folk frå heile Nordvestlandet. Kongens Ring og spelhelga har kvalitetar det er verd å reise for, noko stadig fleire oppdagar, legg ho til.

Takkar dei frivillige

Styreleiaren rosar elles alle aktørane som stilte opp frivillig for å hjelpe til med spelet.

- Eg er så stolt over og glad for dugnadsgjengen. Utan alle som hjelper til kunne vi ikkje arrangert Herøyspelet. Kvart einaste år vert det lagt ned dugnadsinnsats tilsvarande fem, seks årsverk. Dette er eit storløft for kulturen i regionen, og vi gler oss over at også publikum set pris på det som blir skapt i spelhelga.

- Det har vore så mykje nytt, med ny regissør, ny regi og nye hovudroller. Og så fekk vi utfordrande forhold i starten av veka, med det suraste og våtaste øve-veret vi kan huske. Men med super innsats frå folk både på og rundt scena, så vart det både spel -  og eit spel vi er svært fornøgde med.