Eit av høgdepunkta kvar sommar, er for eigen del vikingmusikalen i havgapet: Kongens Ring! Eg var med i «presteskapet» der i sju år, heilt frå starten av. Men det var ikkje før eg vart publikummar, og kunne ta inn alle inntrykka frå amfiet, at det var mogeleg å få innblikk i heile historia og forløpet. For på øvingane var det oftast brotstykke som blei terpa på, gong etter gong – som naudsynt er. Dette blei ikkje alltid gjort i rett rekkefølge heller, men som bitar i regissøren sitt puslespel, som til slutt vert sett saman til ein mektig visuell heilskap der drama, humor, alvor, action og kjensleladde dialogar, som grip deg så heilt inn i hjarterota, at det er vanskeleg å sjå klart ut gjennom dei alt for fuktige gløsarhola.

Det er først i amfiet ein kan oppleve historia frå A til Å, og skjønar kva drama Rolf Losnegård så meisterleg har skapt frå den historiske tida 1000 år tilbake. Generasjonskløft, ungdomsopprør, giftarmål, familiestrid, religion, overtru, spådom, leik, dans og blodig kappestrid!

Heile 28 år er gått sidan første framsyninga, på ei den gong ganske uferdig naturscene og fasilitetar i høve til dagens Herøy Amfi. Akkurat det kunne årets offisielle «spelopnar» Torild Sandøe Møller, kona til herøyspelkomponisten Svein Møller mellom anna fortelje om. Ho hadde ei fin innleiing til årets spel, der ho kom med mange gripande personlege tilbakeblikk. I år er det 20 år sidan Svein så tragisk døydde etter ein hard og kort sjukdomskamp.

Men tonane og musikken hans lever i høgste grad vidare i dette flotte spelet, og vil gjere det også langt inn i framtida! Dugnadsånda lever også i beste velgåande i Herøy. For kva hadde Herøyspelet vore utan denne fantastiske gjengen som stiller på nytt og på nytt år etter år, born, unge, vaksne og eldre spelaktørar, kor, orkester, og ikkje minst «trælane» som har ei mengd usynlege oppgåver som skal utførast. Til saman rundt 300 personar som i timar utgjer rundt 5–6 årsverk på dugnad, kvart år, som det står i det flotte programbladet. For eit utgangspunkt og for ei speleglede!

Men så til årets spel:

Årets nye regissør Jeff Pedersen, er ikkje skuggeredd som bokstavleg tala ikkje monsa på å «Hoppe etter Wirkola»! Han er på sett og vis plassert 28 år tilbake, der Gerald i si tid var, og som han på ein kreativ og meisterleg måte presterte å vidareutvikle år etter år i 27 sesongar, og meir enn 100 forestillingar! Men Jeff fann sin måte å samle desse puslespelbitane på til eit nytt visuelt bilete som publikum fekk oppleve. Og vi kan ikkje seie anna enn at årets spel vart både nytt og uvant. Og vi som har sett dette spelet sidan starten, er nok både litt hjernevaska og forutinntatte dessverre, i høve nyskapinga. Heldigvis er desse «bitane» ikkje absolutte fysisk, men i høgste grad formbare etter regissøren sin fantasi, og her ligg også litt av magien i eit slikt komplekst oppsett, og som gjer at vi vil oppleve historia på nytt og på nytt med stadig nye variantar!

No var det nesten som å ta på seg «nye briller» Musikken kjende vi, replikkane kjende vi, arenaen kjende vi, og likevel har Jeff klart å finne nye og spennande visuelle bilete å vise fram. Veit ikkje om det er heilt rett å samanlikne før og no, men det er berre svært vanskeleg å la vere. Og då er det vel rett å ta dei mest positive opplevingane først.

Introduksjon-scena med Herøy-folket var veldig bra! Nesten som dei første åra då Kristen og Marta Torvik kom med Geite-flokken sin. Men dette er jo ei scene som har fått mange ulike vinklingar gjennom åra, men årets intro-scene var absolutt av dei betre!

Naturscena rundt «scenegolvet» var meir i bruk, noko som gav eit inntrykk av at sjølve spelet vart større, noko som verka positivt, men ein laut stundom «på leit» med auga for å sjå kven som hadde dei ulike replikkane når dei var ute i periferien og ikkje i senter av scena.

Borna i spelet hadde fått ei litt meir framståande rolle, særleg i første delen, og dette vart opplevd svært positivt.

Kjerring Bråte (Idun Losnegård) og Fe den synske (Jeppe Beck Laursen) var nok høgdepunktet og det mest spennande i den nye regien. Og her låg også mykje av humoren, og fleire nye element der desse var meir framståande i scenebiletet, både i hovudscener og som statistar. Men sjølve mystikken rundt Fe og «synet» hans vart litt dunkelt.

Festarmannen. Aldri før har det kome så tindrande klart fram at «festarmannen» Ingolf Ynda (Endre Skattum) var forutbestemt av foreldra til Unn, utan at Unn hadde dei same kjenslene til han som ho hadde for den djerve opprøraren «Mørekarl» (Alexander Bøe) Kanskje var det derfor Ingolf verka litt spakare til sinns, til trass for at han måtte føle seg kraftig foruretta? Det eitrande fiendskapet mellom dei to vart difor litt «utvatna».

All musikken var i bruk! Og ifølgje musikarane, så sette dei stor pris på å vera «meir til nytte» trass i naglebit i fingrane. Dei hadde noko å gjere heile tida, Dette på grunn av komprimeringar som har skjedd over nokre år, og musikkfragment som har blitt utelate. Og på grunn av nye scenario og inntak av musikk, som kanskje ikkje har vore brukt på ei stund, vart ting opplevd nesten som heilt nytt. Og med eit slikt flott orkester skulle det berre mangle at dei ikkje blir brukte optimalt!

Forteljaren (Kornelia Melsæter) Var eit friskt pust på ein ny måte, og med flott dialekt! Men forteljarrolla vart litt anonym, kunne hatt meir fokus, slik som vi alltid vil hugse Bjørn Holum!

Men, alltid eit men. Gjennon nokre år har eg sett 10 ulike historiske spel utanom Herøyspelet. Sjølve «spelet over alle spel» (Stiklestadspelet) tre gonger, og eg har ofte hevda at eg oppfattar Herøyspelet som sterkare på grunn av meir action, drama, humor, og dei kjensleladde scenene som gjer at tårekanalane fekk akutt stimuli, og kanskje nettopp derfor. Nokre scener talar til oss på ein slik måte at det går rett i hjarterota! Denne uttalen blir dessverre litt vanskeleg å skrive under på i år, men eg lever i håpet om at det emosjonelle også vil dukke opp igjen. Replikkane er jo der, men verknaden uteblei.

Sakna vi noko? Holmgangen med introen med Karl og Ingolf på skjolda med hornseid-delen? Dei sterke kjensleladde scenene som trigga tårekanalane? Intensiteten til herjungane? Den eventyrlege «Bukkjen Baus»? Tja … sei det. Eg skriv det med spørjeteikn.

Summa summarum har vi også i år vore vitne til eit kjempeflott spel, med mange nye og friske element. Litt tammare action, og eg kjenner på at eg skulle ha sett det heile enno ein gong, eller to, for det er umogeleg å få med seg alle elementa på ein gong, for det er ei mengd informasjon og inntrykk som skal loggast. Men eg kan ikkje anna enn å gle meg til neste års spel, for eg trur bestemt at Jeff Pedersen ikkje er «ferdig» med dette. Utviklinga av spelet er i godt gjenge! Og sidan alle kunstnarar har lov å «kladde» så eg er viss på at dette berre er starten på noko endå større!

For eit ensemble Jeff har å jobbe med! – Proffar og amatørar, kor, orkester, trælar!

Vel blåst alle som ein!