– Det handlar om å leve for spelet. Det handlar om å gi alt, gi av seg sjølv for å skape eit sannsynleg bilete, eit flott bilete og kanskje eit litt merkeleg bilete.

Adrian Helde Remøy løftar av seg munkehetta med eit smil. Under skjuler det seg ein god gamaldags potteklipp, ei bestilling Helde Remøy sjølv kom med til sminkepersonellet, eine og åleine i høve årets utgåve av Herøyspelet. 20-åringen skyr på langt nær rampelyset og villig til å strekke seg langt for underhaldning.

– Men eg håpar ein frisør skal klare å fikse det litt etter spelet, flirer Helde Remøy.

Ved sidan av Adrian står Joakim Eiksund i gullkappe, utkledd som biskop. Han ristar litt på hovudet og smiler til synet av medskodespelaren sin. Men no skal det seiast, det er ikkje berre Adrian som legg ned ein hårete innsats for den stolte Herøy-tradisjonen. Eiksund er ein av mange som, i motsetning til Adrian, har latt håret gro.

– Eg har skjegg til vanleg, men eg har ikkje røyvd det på nokre månadar no. Eg sparar for spelet, seier Eiksund, som sjølv har vore med i over 20 år i spelet.

– Som ei familie

Grunnen til at dei to sparer og klipper ligg også godt forankra i deira oppleving av spelet.

– Ja, vi har i grunn blitt ei stor familie, og vi har det umåteleg kjekt i lag, seier dei begge.

– Mange kan kanskje seier; huff det må no vere litt slitsamt å stå der i myggen og gjørma å øve i dagevis, men vi hadde ikkje gjort dette om vi ikkje likte det, legg Helde Remøy til.

– Forfriskande med litt nytt

Dei som har sett spelet fleire gongar, såg nok i år ein del endringar. Vi spør derfor kva aktørane sjølve meiner om dei grepa som har vore gjort.

– Det har vore forfriskande med noko litt nytt. No har det vore bra tidlegare også, for all del, men det var berre annleis. Det likar eg, seier Eiksund.

Både bispen og Edmund munk er elles einige om at årets regissør Jeff Pedersen har gjort ein flott jobb.

– Han har vore spesielt flinkt til å involvere oss i korleis spelet skal vere. Han høyrer på råd frå oss, sjølv frå dei minste. Og vi får gode råd frå han, avsluttar dei to.