Utan å ha eit offisielt tal, vil det vere rimeleg å anslå at det var kring 400 publikummarar som vitja premiereframsyninga av Herøyspelet laurdag. I alle fall var amfiet nesten fult då Torild Sandøe Møller, kona til Herøyspel-komponist Svein Møller, fekk æra av å opne spelhelga. Ho heldt ein personleg tale der ho mellom anna fortalde om den siste tida til sin avdøde ektemann, og om korleis han då lengta attende til spelplassen og folket i Herøy. Så var spelet i gang, noko Vestlandsnytt skal skrive meir om i ein særskild omtale.

Linnea (11) og Hogne (9) gir terningkast 6

Etter spelet var det fleire som nytta høve til å «knabbe seg ei vaffel på Herøy Gard» som Roar Kjølv syng i sin song dedikert til spelet. Her på garden var det nemleg lagt ned flott innsats frå frivillge, som hadde laga til ei fin ramme kring spelet, med alt i frå matservering til vikingleir for dei små. Her møtte vi mellom anna Linnea (11), Hogne (9) og vesle Anna-Sofie (4) i det dei prøvde vikingsverd og hjelmar. Saman med familien kunne dei tre opplyse om at dei aldri før hadde sett spelet. Men deira dom var likevel klar.

- Eg gir terningkast 6, sa Linnea.

- Det gjer eg og, sa Hogne.

Vi spurte dei så om kva dei likte best. Her var dei også samstemte.

- Sverdkampen var best, sa dei begge i kor.

- Kva handla det om då, spurte vi dei?

- Det var to manna som ville ha same dama, og då blei det styr. Dei begynte å kjempe med kvarandre, med sverd, svar Linnea engasjert.

Kort summert opp der altså. Uansett, dei tre små kosa seg på spel. Og dei såg ikkje ut til å vere åleine om det heller. Det var fleire barn som prøvde alt i frå stylter til pil og boge-skyting.

Laurdag kveld blei det elles invitert til hagefest, eit arrangement som blei utselt.