Til saman har komiteen 215.000 kroner på budsjettet for driftstilskot i 2019. Desse skal fordelast med 40.000 til barne- og ungdomsorganisasjonar, 95.000 til idrett og 80.000 til song og musikk. Ein stor del av budsjettet blei fordelt på siste møtet før sommarferien.

Prioriterer barn og unge

I fylgje fordelingsnøkkelen skal tiltak for barn og unge prioriterast ved fordeling av driftstilskot frå kulturmidlane i Herøy. Der laget har både barn og vaksne blir barnetalet vekta dobbelt i forhold til vaksne medlemer. Organisasjonar med berre medlemer over 20 år kan ikkje søkje om driftstilskot.

29.100 kroner til barne – og ungdomsarbeid blei fordelt slik mellom ni søkjarar: fx Herøy 3.800, tnt tweensamling 1.650, Mulevika 4H 4.150, Awana søndagsskulen 2.000, Joyful tween 1.600, Herøy frikyrkje speidargruppe 8.900, Remøy juniorlag 3.900, Myrvåg 4H 2.000 og Miniklubben Nerlandsøy 1.100 kroner. Tilskotet er fordelt etter eit samla medlemstal på 245 barn og 31 vaksne. Frikyrkjespeidarane som fekk mest har heile 68 medlemer.

Tre idrettslag

Av idrettstilskotet på 86.550 kroner gjekk heile 60.000 kroner til Bergsøy. Som grunnlag for tildelinga er laget sitt medlemstal på 535 barn og 140 vaksne. Tjørvåg IL fekk 16.950 kroner og Gurskøy IL 9.100 kroner. Til saman er idrettstilskotet fordelt på 704 barn og 323 vaksne medlemer. Maksimal tildeling per medlem er 100 kroner.

Søndagsskular får ein grunnstønad på 300 kroner, medan grunnstønaden er på 1000 kroner for lag som driv reint barne- og ungdomsarbeid. Resten er fordelt etter medlemstal.

Song og musikk

Av dei seks som søkte om tilskot til song og musikk fekk alle tilskot utanom Herøy janitsjar. Med berre ein medlem under tjue år er dette korpset ikkje kvalifisert for tilskot. Av same årsak fekk heller ikkje Remøy skulekorps tilskot og dei søkte heller ikkje dette året.

69.750 kroner til song og musikk blei fordelt slik: Tjørvåg/Myrvåg musikkorps 8.000, Lisjefrik 6.000, Kvalsvik og Nerlandsøy musikkorps 21.750, Jøleik skulemusikkorps 15.250 og Bergsøy skulekorps 18.750 kroner.