– Det var heilt klart musikken som var det mest tiltalande for meg då eg såg spelet for tre år sidan. Eg kjenner til Svein Møller sin musikk frå andre samanhengar, som i kyrkjekor, og også familien hans. Møller sine komponeringar er generelt veldig fine. Så dette er ein av hovudgrunnane til at eg i år tok ei avgjersle om å ta del i spelet.

Vi står saman med 18 år gamle Elisabeth Nesje Sandnes i øsande pøsregn på spelplassen i Herøy. Kring oss vasar lokale aktørar rundt i gjørme og våte regnklede, alle godt i gang med å øve til helgas store happening, Herøyspelet Kongens Ring. Og det same er eigentleg Elisabeth. Vestlandsnytt har berre lånt ho unna nokre minutt frå øvinga til spel-koret. 18-åringen har nemleg hatt ein betrakteleg lengre reiseveg enn dei fleste på spelplassen denne veka. Saman med mor har ho lagt bak seg seks timar i bil, 440 kilometer, for å ta del i den lokale dugnaden.

– Ja det er eit litt stykke å reise, men vi har tatt det som ein liten ferie. Eg syng i koret, mamma jobbar frivillig, smiler jenta frå Gjøvik.

– Er ikkje det då litt keisamt å kome til dette ferievêret her, spør vi, og siktar til dei mørke skyene i horisonten.

– Eg vart åtvara om at eg måtte ha med meg regnklede, så eg er godt førebudd. Dessutan er eg ikkje so oppteken av vêret. Det handlar berre om å kle seg. Eg er her for opplevinga og spelet.

Og det er som sagt ikkje fyrste gongen Nesje Sandnes er på speleplassen. Ho var her for tre år sidan, og det var her hennar fascinasjon for spelet blei tent

– Eg såg faktisk alle tre førestillingane på rad, og det var veldig verdt det. Her er så mykje å utforske ved spelet. Fyrste gongen fekk eg berre skrapa litt i overflata, men etter å ha sett det nokre gongar fekk eg verkeleg augo opp for laga i skodespelet, teksten og musikken, forklarar Elisabeth. Ho trekk spesielt fram «Vesle fyljar», songen som «Unn den fagre» syng til sin ufødde son i handlinga.

Her er vi nok ein gong inn på kvifor Nesje Sandnes vil vere med i koret.

– Det å få lov til vere med på prosessen med å «dissekere» og bygge opp musikken på denne måten vi gjer, er veldig givande.

– Så har det seg slik at eg generelt er veldig glad i kultur også. Eg er imponert over skodespelarane, forklarar ho, og antydar at ho sjølv har ambisjonar om ein jobbkvardag i kulturlivet ein vakker dag.

– Kunne du tenke deg å vere med som skodespelar også med andre ord?

– Ja, det hadde jo vore fantastisk.

Har blitt godt tatt imot

Elisabeth fortel avslutningsvis at ho fyrst var spent på å skulle kome inn i eit kor med berre ukjende, men at ho har blitt veldig godt tatt imot.

– Her er litt internhumor, men ei veldig god stemning, og eg kosar meg saman med alle her. Eg slit litt med dialekta og det litt gamle språket i songtekstane, men eg kjøpte plata då eg var her sist, så eg trur eg er klar, avsluttar den spente Gjøvik-jenta, som gler seg til å stå i amfiet å synge for publikum laurdag og søndag.