– Ja, dette er skikkeleg artig, eg er faktisk klar for neste år allereie, smiler Linda Dalehamn, og får stadfestande nikk frå Anton Sævik og Ella-Johanne Sande Sævik.

Det ser mest ut som dei tre kjem rett frå dusjen, og det er ikkje langt frå sanninga. I motsetning av fleire av dei andre travarane i herøyamfiet denne tysdagskvelden, er dette den fyrste gongen dei tre er med i spelet. Anton skal spele hirden Kolbein Sterke, Ella-Johanne spelar Herøy-barnet Gilja Gormsdotter og Linda Spelar hærøyværingen Kvålhild frå Leikanger.

Bra stemning

Vi spør dei tre kva som gjer dei så skråsikre på å melde seg neste år igjen, til det svarar Ella-Johanne at dette rett og slett har med stemninga å gjere.

– Dessutan er folket her veldig inkluderande, og dei drog oss med veldig fort, avsluttar Anton, som saman med dei to andre oppmodar om å kome og sjå spelet til helga, det skal vist vere mykje nytt, påpeiker dei.