Artisten og plateselskapet Gygre omtalar den nye singelen «This Time» på følgjande måte:

- “This Time” er ein feelgood låt som handlar om å få ein ny sjanse og å vere open for ny kjærleik. Forteljinga besøkar ei kaotisk fortid, beskriver ei usikker notid og spår ei betre framtid, medan den balanserer kjensleladde, lyriske bilde og leikne punchlines.

Dei garanterer fengjande vokal-hooks, groovy gitarriff, fortryllande bells og ei kjensle om håp og glede.

Over ein million avspelingar

Jenta frå Kvamsøya vert omtala som powerhouse vokalist som serverar fengande og soul-fylt pop rock. Ho har tidlegare sleppt ei rekkje singlar og eit album, som totalt har blitt spelt meir enn 1 million gongar og lista på fleire radiostasjonar.