Nytt styre for regionsmuseet Musea på Sunnmøre

Årsmøtet for Musea på Sunnmøre har valt nytt styre for det nye regionsmuseet. Styret vart valt einstemmig i tråd med valnemnda si innstilling.

Robert Voldnes er med i styret til regionsmuseet Musea på Sunnmøre.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Styreleiar for det nye styret er politikar og avtroppande fylkesordførar for Møre og Romsdal, Jon Aasen. Med seg i styret har han Robert Voldnes, Randulf Bakken, lne Harrang og Anne Dyb Liaaen. Følgjande vart valt som vara; Lisa Alvestad, Per Ivar Lied og Trine Røssevold.


Han er konstituert direktør for Musea på Sunnmøre

Det nye regionsmuseet, Musea på Sunnmøre, har konstituert Jarle Sanden som administrerande direktør frå 1. september 2019.

 

Musea på Sunnmøre blir etablert gjennom ein fusjon mellom stiftingane Sunnmøre Museum, Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Det nye regionsmuseet har som ambisjon å skape auka utviklingskraft for kunst- og kulturhistoria i regionen.