Reisa starta med at mannskapet på ferjå kalla inn til krisemøte. Det ryktast at det skal kome bru over fjorden, og at grunnlaget for ferjedrift dermed ville forsvinne. Dette kunne mannskapet sjølvsagt ikkje leve med, og ein måtte starte eit arbeid for å finne ut kva ein skulle finne på.

Samspel er eit prioritert område i kulturskulen, og mange av innslaga på konserten var bygd opp rundt det. Mellom anna er trommegruppa svært aktivt, og sørgjer for at rytmikken i innslaga er på plass. Kulturskulerektor Susann Worren Hauge var programleiar for kvelden, og krydra innslaga med litt musikalsk bakgrunnsinformasjon.

Sidan byrjinga av mai har nokre elevar delteke på eit kunstkurs, der Monica Vermeer har vore lærar. Dei har lært litt om ulike måtar å teikne og male på, og også litt teori om skuggelegging og djupne. Elevane presenterte arbeidet sitt i ei eiga utstilling, i tillegg til at dei presenterte litt frå scena. Den flotte ferjå som markerte «kulturferjå», var også laga på kunstkurset. Undervisning i kunst er eit flott tilbod, som mange håpar kan verte permanent også i Sande.

Etter å ha vurdert både blues og protest for å ta vare på ferjedrifta, kom mannskapet til slutt over ein idé der dei ville reise til Afrika. Dei ville bytte ut Rovdefjord med Atlanterhavsfjord, og underhalde dei reisande med afrikanske rytmar. No var ferjå redda! Eit stort fellesorkester avslutta kvelden med «Kongolela», og ordna verkeleg svingande afrikanske rytmar på ferjedekk.

Konserten markerer at vårsemesteret no er ferdig, og alle kan nyte ein lang og velfortent sommarferie. Vi gler oss til neste konsert, og er spent på kva tema den kreative gjengen i kulturskulen kjem opp med då.