Fleire mindre festivalar i staden for ein stor fylkesfinale, styrka samarbeid med det profesjonelle og frivillige kunst og kulturlivet, og mentorar i staden for jury. Slik er den nye UKM-modellen som kultur- og folkehelseutvalet skal behandle i dag.

– Med den nye modellen vil vi få fleire synergiar mellom dei ulike ordningane våre og sjå satsinga på barne- og ungdomskulturen under eitt. I tillegg har vi vald å følge forslaget til ny strategi frå UKM Norge, der målet er at ungdom står for planlegging, gjennomføring, evaluering og kunstnarleg innhald i lokale mønstringar eller festivalar, forklarar fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen i ei pressemelding.

– Musikkrådet har sørga for at Møre og Romsdal har vore eit leiande UKM-fylke og jobba godt for å få ungdom til å delta og medverke, men no er tida moden for å utvikle ordninga, seier Wedlog-Olsen.

Dagleg leiar i UKM Norge, Torstein Siegel, bekreftar at forslaget er heilt i tråd med UKM Norge sine strategiar.

– Vi applauderer at Møre og Romsdal fylkeskommune tar feltet på alvor og tenker offensivt. Det er også prisverdig at UKM blir sett inn i ein heilskapleg kulturpolitisk samanheng, og at ungdomsmedverknad er eit berande element i den nye modellen, seier Siegel.

Fleire profesjonelle arenaer

Den nye modellen er utvikla etter grundig utreiing og ikkje minst læring frå andre fylke, kommunar, ungdom og det nasjonale UKM-nettverket.

Prosjektleiar Elin Kanck Lorentzen meiner den vil styrke og utvikle all UNG kunst og kultur i fylket og knekke koden for korleis lokalmiljøa og unge kunstnarar og arrangørar kan få fleire ressursar.

Samarbeide med ungdomen

UKM Norge trur likevel ikkje det er lurt å gjere raske endringar utan at dette er forankra i kommunar, lokale UKM og ikkje minst blant ungdommen sjølv.

– Førebels skal politikarane berre ta stilling til rammeverket til ny UKM-modell.

Den endelege modellen vil vi forankre og skape saman med ungdom, kommunar og andre samarbeidspartar, som biblioteka og kulturskolane, seier Kanck Lorentzen.