Vi har teke turen til kunst- og handverksrommet i Gursken skule. Stemninga er stor, og engasjerte elevar formeleg klør i fingrane etter å halde fram med målingsarbeida sine.

Breitt musikktilbod, og ...

Sande kulturskule har kanskje ikkje det mest varierte tilbodet, men ein har eit breitt og godt tilbod i musikkfaget. Skulen står stødig, individuelt. Det finst likevel opningar, fortel fungerande kulturskulerektor Susann Worren Hauge.

– Vi har meir samarbeid med andre kulturskular, og det er nokre frå Sande som deltek i fag andre kulturskular har i spekteret sitt.

Denne våren har det også vore i sving ei eiga kunstgruppe med elevar frå 3. til 6. klasse.

Dei melde seg nemleg på kurset i visuell kunst. 11 elevar har under leiing av lærar Monica Vermeer lært seg ei rekkje teknikkar, og nokre av verka blir også presenterte når kulturskulen har avslutting på Breidablik torsdag 13. juni.

– Desse kunstnarane, og arbeida deira, skal vi presentere på sommarkonserten, seier rektoren.

Ho seier samarbeid og moglegheiter for elevar å kunne velje «sine» fag på tvers av kommunegrensene, kjem dei unge til gode, slik at det ikkje er adressa som avgjer i kor stor grad dei unge kan utfalde seg kulturelt.

– Om det vert ei fast ordning med kunst som ein del av tilbodet til Sande kulturskule, veit eg ikkje. Men det er spennande med noko nytt, seier Susann Worren Hauge. Og elevane samtykkjer. Dei synte stor entusiasme og kreativitet berre den korte tida vi var innom.

– Sommarkonserten vert ei slags musikalsk og visuell rundreise, med ein raud tråd. Det vert både samspel og solospel, i fin foreining, opplyser rektoren framfor den komande sommaravsluttinga.