- Tenk at eg skal få kome tilbake til «Kongens Ring» med den kunnskapen eg har no og ikkje berre spele barn og sjå og sjå misunneleg på Agnes Kittelsen!

Kornelia smiler over barndomsminne frå åra hennar i «Kongens Ring». Ho ramsar opp slekt og familie som har vore med på spelet, nokre heilt frå spelet var ein ide, og andre – som pappa Magne Melsæter er fortsatt med og spelar i orkesteret.

- Eg sjølv var med i spelet fleire år då eg var lita jente, og har alltid tenkt at ein dag, ein dag skal eg kome igjen i ei større rolle. Når pappa øvar på walthornet og eg høyrer lyden av Herøyspelet, så kjenner eg det inn i hjartet.

Kornelia skal få vere forteljar og gi den rolla heilt nytt innhald.

- Og no les eg manus og ser at det er ei så fin historie. Eg gler meg sånn.

Nye namn

Kornelia Melsæter er ikkje den einaste nye på rollelista til «Kongens Ring» i år. Herøyspelet stiller med ny regissør for første gong sidan oppstarten i 1992. Jeff Pedersen har vore regissør for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet. No skal prege også Herøyspelet, og han tek med ei rekkje nye folk. Ein av dei er Jeppe Beck Laursen.

For dei yngste er Laursen kjent som Daidalos i Labyrint på NRK Super – eller som Goggen i Gråtass. For dei eldre er kanskje meir kjent frå BBC- og Netflix-serien «The Last Kingdom». Også det handlar om vikingar.

Beck Laursen fortel han vart kjent med Jeff Pedersen på scenekamputdanninga og gler seg til å jobbe med han under «Kongens Ring».

- Ja, og så eg er glad i vikingar og gler meg til det fysiske som følger med det å vere med på slike spel, fortel Jeppe Beck Laursen.

Og han har ein fordel til når det gjeld utespel, spesielt eit spel ved Stadhavet.

- Eg kosar meg gløgg når det er litt vêr!

Den einaste av hovudrollene som var med i fjor er Eirik Risholm Velle frå Ørsta. Han spelar no i Karius og Baktus på Oslo Nye Teater, og går frå å vere tanntroll til Heilag-Olav.

Ragnar Herøyhovding skal spelast av Magne Håvard Brekke, norsk skodespelar som bur i Paris og mellom anna har vore med i Le Bureau. Kona hans i spelet, Inga, vert spelt av eit av dei store namna i norsk teater, Kjersti Elvik.

Ei heilt ny oppleving

Styreleiar Linn Therese Sævik er spent før årets spel.

- Det er klart at det er spennande med så mykje nytt. Vi får heilt ny regi frå Jeff som har gått ut frå det opprinnelege manuset, og vi har så godt som berre nye folk i hovudrollene. Men vi håper og trur at det også betyr at publikum vil få ei heilt ny oppleving med «Kongens Ring».

Ho gler seg dermed til å ønske velkomen til forestillingane første helga i juli saman med hagefest, kulturvandring, utandørs gudsteneste og vikingleir med familieaktivitetar.

- Vi ønskjer velkomen til ei så fin teateroppleving med stort orkester og kor, 200 aktørar og fantastiske kostymar. Men det er så mykje meir; den fantastiske utescena og utsikta over Stadhavet, sjølve øya Herøy, tunet på Herøy gard, folkeliv og vikingcampen. Og no inviterer vi også til noko heilt nytt og gler oss til å dele spenninga og opplevinga med publikum.

Unn – Maja Aspås TeialeretInga – Kjersti ElvikRagnar Herøyhovding – Magne Håvard BrekkeKjerring Bråte – Idun LosnegårdFe den synske – Jeppe Beck LaursenIngolf Ynda – Alexander BøeMøre Karl – Endre SkattumOlav den heilage – Eirik Risholm VelleForteljar – Kornelia Melsæter