– Eg bøyer med i stø­vet, el­ler … nei veit du kva, det finst ik­kje nok støv å bøye seg i.

Det sa ei smi­lan­de Ira Sarucco Ul­van rett et­ter å ha sett stor­sho­wet Be’glo­ri­ous på Her­øy kul­tur­hus laur­dag et­ter­mid­dag. Og Ul­van var langt ifrå den einaste som let su­per­la­ti­va hag­le over ele­va­ne som stod på sce­na. For det skal nok litt til for ik­kje å ha late seg im­po­ne­re over kva dei le­ver­te.

Va­ri­ert og ut­trykks­fullt er to dek­kan­de om­grep når ein skal omtale sho­wet, for i lø­pet av den halv­an­nan ti­men pub­li­kum sat i sa­len var vi in­nom eit rikt spek­ter av inn­slag, med alt ifrå bal­let og ro­le­ge so­lo­num­mer til in­ten­se danse­ryt­mar og far­ge­spra­kan­de sir­kus­stem­ning. Utan å vite det heilt sik­kert, såg det ut til att alle som ein kosa seg på sce­na, både dan­sa­ra­ne, ins­tru­men­ta­lis­ta­ne og song­ele­va­ne. Ei som stad­fes­ta det­te var son­gar og låt­skri­var Jenny Mari Bøe. Ho var in­vi­tert som gjes­te­ar­tist for hø­vet og fram­før­te to sjølv­skriv­ne lå­tar.

– Det er all­tid spen­nan­de og litt skum­melt å fram­fø­re, men det er utru­leg gi­van­de og kjekt å få lov til å fram­fø­re min ei­gen mu­sikk. Så er gjen­gen her fan­tas­tisk flin­ke og eg har kosa meg vel­dig den sis­te veka eg har for job­ba sam­an med dei, sa ho et­ter fyrste fø­re­stil­ling til Vest­lands­nytt.

– Utru­leg stolt og im­po­nert

I kjøl­vat­net av den flot­te fø­re­stil­lin­ga er det stol­te kul­tur­sku­le­læ­ra­rar som no ser at­ten­de på pro­ses­sen det har vore med å set­te i stand fø­re­stil­lin­ga. Det stad­fes­tar Aina J Eli­as­sen.

– Eg er så utru­leg stolt og im­po­nert over alle som var med! Ei slik fø­re­stil­ling krev mykje ar­beid, og eg og Ka­ro­li­ne Vels­vik Sivertsen står på hei­le året for at kvar de­talj skal gå smer­te­fritt. Men det al­ler vik­ti­gas­te er å få til eit svært sa­mar­beid med alle som skal fram­fø­re, og at alle fø­ler an­svar og ser kor vik­ti­ge dei er for heil­ska­pen. Utan den ener­g­ien du får som men­nes­ke når du fø­ler deg sett, så had­de fø­re­stil­lin­ga blitt heilt ann­leis. Det­te er ele­va­ne sin dag! Det er her dei vi­ser kor­leis dei­ra per­son­leg­dom, dei­ra ener­gi, tan­kar, ord og kjens­ler har ins­pi­rert oss læ­ra­ra­ne. Her­øy kul­tur­sku­le er kjem­pe­hel­di­ge som får bli kjent med alle des­se uni­ke men­nes­ka. Og vi har lyst til å bli kjent med flei­re, skryt Eli­as­sen.