Beate Moltubakk Ørstavik og Ivar Ørstavik opnar dørene til prestegarden:

Inviterer til 200-årsfeiring for Magdalene Thoresen

2. juni skal føregangskvinna Magdalene Thoresen heidrast med ei 200 års-jubileumsfeiring i Indre Herøy Kyrkje og på prestegarden i Stokksund.
Kultur

Beate Moltubakk Ørstavik fester auga på den vesle utstillinga ho har stelt i stand. Blikket hennar leitar litt bortover veggen før ho, litt unnskuldande påpeikar at tilstellinga enno ikkje er heilt klar. Bordet er dekka med bøker i forskjellige storleikar, og veggen er pynta med fleire utheva sitat og portrettbilete, alle av same kvinne.