Fosnavåg kino har henta heim Maria Steinsvik til å stå for opninga på premieren av den nye dokumentarfilmen «Maria by Callas». Ho er for tida tilsett på Den Norske Opera & Ballett og hadde også ein minikonsert i oktober i fjor i forkant av Oslo Operafestival si framsyning: Callas Revisited – En divas siste natt, så dette er noko Maria har gjort før. Ho var også ønska til premieren i Oslo, men valde sjølvsagt Fosnavåg kino. Som ho også gjorde under Oslo Operafestival vil ho framføre operaarier knytt til Callas sitt Bel Canto-repertoar. Den mest kjende er kanskje Habanera frå Bizet sin opera Carmen, men ein vil nok også dra kjensel på vakre Casta Diva frå operaen Norma og Puccinis Vissi d’arte frå operaen Tosca. Dette vil bli ei annaleis kinooppleving for dei fleste

Nasko Nikolaev frå kulturskulen vil akkompagnere og Sølvi Nerem Berg vil snakke litt med Maria om korleis livet som songar er, og kanskje litt om korleis det var for Maria Callas.

Litt spesielt er det nok for både Nasko og Maria sidan dei har studert på det same universitetet i Sofia i Bulgaria.

Alt vil foregå inne i konsertsalen, foran lerretet – og rett etter minikonserten startar filmen «Maria by Callas»

«Maria by Callas» gir eit gripande innblikk i livet til den gresk-amerikanske operasongaren Maria Callas. Hennar liv var ofte like dramatisk av scenen som på. Ho døydde i 1977, berre 53 år gamal. Regissør Tom Volf har sett saman restaurert arkivmateriale og funne lydopptak der superstjerna sjølv fortel. Vi får også sjå utdrag frå konsertar i operahus verda over. Resultatet er både eit levande tidsbilete og ein konsertfilm med ein unik hovudperson i sentrum.

«Maria By Callas» gir oss mulegheit til å sjå henne utfalde seg i sine mest kjende ariar frå operaene Norma, La Traviata, Carmen og Tosca. Som ho sa til David Frost: «If someone really tries to listen to me, he will find all myself there.»

Filmen omhandlar også det som var hennar store kjærligheit, forretningsmannen Aristotle Onassis. Deira forhold fortsatte også etter at han gifta seg med Jackie Kennedy, og trekantdramaet var ein av favoritt-temaene for dei internasjonale tabloidavisene på den tida.