Vertskapet hadde budsjettert med at 60-70 ville kome, men i finevêret strøymde folk på i hopetal. Magnus Bergseth kokte fiske- og krabbesuppe så sveitten rann, og hadde flinke servitørar til å hjelpe seg. Seinare vart det servert kaffi og kaker. Maten smakte framifrå, og det vart nok til alle! Oppvasken tok Ole Jonny Hjelmeseth & co seg av.

Helge Håberg og Sverre Remøy fortalde levande om boka dei har skrive, med fokus på det som gjekk føre seg på Skotholmen under krigen. Dei få bøkene dei hadde med for sal, var på langt nær nok til å dekke etterspurnaden frå dei mange interesserte. Men bokhandelen i Fosnavåg vil seinare få inn fleire bøker for sal.

Magnar Hjertenæs viste fram og kommenterte nokre av bilda som bestefaren; fotograf A. Berge hadde tatt. Den fantastiske detaljrikdomen og kvaliteten på glasplatene etter A. Berge, kom verkeleg til sin rett på storskjermen, og på dei store bildeplatene som no prydar fleire av romma i andre etasje av sjøbuda. Magnar nytta også høvet til å ære foreldra sine; Nikoline og Rolf Hjertenæs, for deira innsats for å bevare dei mange tusen glasplatene, og tanta; Alfhild Remøy, som hadde gått gjennom og sortert bilda av alle fiskebåtane, etter registreringsnummer. Det var dei som la grunnlaget for at fotograf A. Berge sin kulturskatt kunne bergast for ettertida.

I andre etasje av sjøbuda på Skotholmen, heng det no eit fint bilde av fotograf A. Berge, omkransa av nokre av blinkskota hans. I eine rommet er fire køysenger tatt vare på. Dette losjirommet vitnar på ein spesiell måte om korleis det var å bu og arbeide på øya i farne dagar, då sild i hopetal vart salta eller røykt, og så eksportert ut i verda via rutebåtane som hadde Skotholmen som fast stoppestad.

Skyssbåtar med røynde førarar frakta folk i alle aldrar, til og frå - på herskapleg vis. Vertskapet med Anne Ma Solheim og Artur Almestad i spissen, la alt det praktiske så godt til rette. Dei som fortalde og viste bilde, gjorde dette tre gonger. Difor vart det høve til å sjå og høyre for alle. Når vêret også var praktfullt, vart dette ein svært kjekk og minnerik kveld for dei 180 frammøtte. All ære og takk til forteljarane, arrangørane, hjelparane og investorane som har sett potensialet i husa - og historia til den gamle handelsstaden på Skotholmen!