– For at taren skal bli eit matprodukt folk kan venne seg til, er det viktig at vi får forgjengarar på feltet. Her meiner eg de som unge kokkar er veldig viktige. De kan bidra til å gjere ein betydeleg forskjell i matkulturen.

Annelise Chapman løftar av lokket på ei raud plastikkboks og rekker den til restaurant og matfag-elevane som sit på fremste rad i auditoriet.

– Dette er valnøtter blanda med tare, ein ny ting eg har eksperimentert med.

Elevane ser litt undrande ut i det boksa vert sendt rundt, men likevel tek dei utfordringa og smakar. Uttrykket i andleta deira blir ikkje akkurat mindre undrande i det dei puttar taren i munnen.

– Dette var veldig uvanleg. Ikkje misforstå, det er ikkje noko vond smak, han er snarare veldig spesiell. Det er ein god ting, seier ein av elevane, før ein annan bryt ut.

– Kvar er boksa? Eg må smake det der igjen.

Med på festen

Grunnen til at Chapman har teke turen til skulen er nærliggande. Denne helga, frå fredag til søndag, vert det nemleg arrangert eit heilt nytt festivalkonsept i Herøy, «Tangfest 2019». Bak initiativet finn vi to lokale bedrifter, TANGO Seaweed, der Chapman sjølv er dagleg leiar, og Møre-to-Sea. Målet med arrangementet er å dele kunnskap, nysgjerrigheit og opplevingar knytt opp mot havets spennande vekstar. Restaurant og matfag-elevane er utfordra til å bidra på ein av programpostane.

– Fredag opnar vi festen i Meirentusenord-løa der det blir bildepresentasjon og premiering av Tangfotokonkurransen til Herøy Kameraklubb. Øyvind Skatvedt Robak vil etter kvart halde ein konsert og i løpet av kvelden skal Herøy VGS-elevane servere tapas der maten skal innehalde tare-produkt, forklarar Chapman.

– Aktuelt i sjømat

Etter ei lita forelesingsseanse med elevane der dei får ei innføring i verksemda og moglegheitene som finnast i råvarene, går turen opp i toppetasjen for litt meir smaksprøver. I kjøkenlokala leiter dei tilsette opp fleire taresortar dei har hatt liggande sidan førre gang Chapman var på besøk for å eksperimentere saman med elevane i 2017.

– Og taren er fult brukande enno, smiler Annelise før ho byrjar å sende rundt fleire variantar av råvarene.

Diskusjonen byrjar sakte men sikkert å røre seg blant elevane, og fleire får idear til korleis taren kan brukast.

– Eg trur fyrst og fremst dette er ei råvare som høver seg i rettar for sjømat, seier ein av elevane.

– Kanskje vi kan koke kraft på den, til ei fiskesuppe til dømes, foreslår ein annan.

Uansett er det konsensus blant elevane at her er eit potensial, alt som skal til er å prøve seg fram ifølgje dei. Fram mot fredagens seanse skal dei prøve litt forskjellig. Ein av rettane dei er blitt utfordra på å lage er salat av butare med dashi-limetten-dressing.

Gler seg til helga

Annelise er svært begeistra for at elevane og dei tilsette har tatt på seg utfordringa med å stelle i stand tangtapas. Ho gler seg elles over å kunne annonsere resten av programmet for helga.

– Vi har masse spennande aktivitetar for store og små på Herøy Gard på laurdag. Vi skal mellom anna ha minikurs, fjørevandring, tare-smaking, tarekunstverkstad, båttur, samtale med Guri Aasen og lage ost med tang og tare. Søndag blir også interessant. Her blir det fjøreturar, søndagsforedrag og quiz, forklarar Chapman.

Herøy kommune ved kulturavdelinga og Sparebanken Møre er også samarbeidspartnarar for dette arrangementet.