Det seier sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal. Laurdag 27. april vert det Cirkus Agora-framsyning på Indre Allmenning i Fosnavåg. Dagen etter kjem sirkuset til Ulsteinvik.

– Vi feirar 30-årsjubileum i år, og det markerer vi med eit rikhaldig program, seier sirkusdirektøren frå Nordfjord.

Store dyr er for lengst ute av sirkuset, men det er mykje spanande program i vente:

Årets debutant vert særskilt framheva. Ho heiter Erika Hågensen og har sirkusutdanning frå kulturskulen i Trondheim. Husklovnen Fransesco har ei sentral rolle i førestillinga, saman med ei rekkje andre utøvarar, linedansar og direktør Jan Kjetil inkludert!

– Vi ynskjer små og store velkomne til sirkus, heiter det frå 30-årsjubilant Cirkus Agora.