– Prosjektet starta med at Sverre Remøy kom til meg med eit 19 sider langt manus. Deretter balla det på seg, noko som no har resultert i denne boka.

Det seier Helge Håberg og viser fram det flotte omslaget på den seksti sider lange boka «Skotholmen i krigstid». Det er Kristoffer Nærø Ytterland sitt foto av holmen før restaureringa som har fått æra av å pryde framsida.

– Både eg og Sverre kan seie oss godt nøgde med resultatet av denne boka, konstaterer den pensjonerte læraren.

Krigshistorie

Boka som dei saman har skrive, har krigens tøffe kår på kysten som bakteppe. Ho utforskar korleis Skotholmen spelte ei sentral rolle under våpensmuglinga på Sunnmøre under sluttfasen av den andre verdskrigen. Boka kjem her innom to lokale båtar, først spionskøyta URD 2 og deretter agentbåten BRATTHOLM, begge historierike brikker i den norske motstandsrørsla.

Utanom dette har boka også dedikert seg til hovudmannen i motstandsarbeidet på Remøya, Gerhard A. Remøy, og det miljøet som utfolda seg på Antonigarden, der brørne Adolf, Gerhard og Joakim var eigarar av Skotholmen. Fyrstnemnde er Sverre Remøy sin far. Og Ikkje minst, boka handlar til slutt om den eldre broren til Sverre, Alfred Remøy. Etter krigen sa han omtrent ingenting om han hadde vore gjennom. Etter å ha gått gjennom nær 40 forskjellig bøker, fleirfaldige brev, forhøyr og forsikringsoppgjer har forfattarane kome nærare ei forklaring på tausheita.

– Det var alt for mange som hadde tent pengar på okkupantane, og etter krigen var det lite og inkje å hente for dei som hadde seg la ute, heiter det i forordet av boka.

Gjort på dugnad

Boka er å omtala som ei bilderik, informerande og historisk bok gjort på dugnad. Forfattarane har ikkje noko mål om å gjere seg pengar på prosjektet. I den grad ho vert selt, er det til kostpris, opplyser Håberg til Vestlandsnytt. Ho vil verte selt lokalt i Fosnavåg.

Boka er på sett og vis todelt. Utgangspunktet er Sverre si historie som kan lesast på alle oddetals-sidene i boka. Partals-sidene er det derimot Håberg som har stått for. Her har han samla informasjon og kommentarar som supplerer historia til Sverre.

– Det er å håpe at dette kan spegle noko av den lokale innsatsen i det store bildet av andre verdskrig, seier forfattarane.

– Det har tatt lang tid å sette saman historia og det har vore arbeidskrevjande. Etter dette er det for meg ikkje er so mykje meir å seie om Skotholmen i krigstida. Eg trur no det meste kring historia er sagt, seier Remøy.

Bokpresentasjon på Skotholmen

Boka er nyleg fullført og for å gi folk ein liten smakebit på det forfattarane har funne av informasjon, har gjengen bak satsinga på Skotholmen planlagd å arrangere ein eigen historiekveld tysdag neste veke. Her vil begge forfattarane delta for å snakke om prosjektet. Magnar Hjertenæs vil også opne fotoutstillinga med historiske bilde frå A. Berge. Det skjer i dei nye møtelokala i den ikoniske sjøbua. Arrangørane lovar også eit måltid i maritim ånd til historieforteljinga.