Dei som er med i koret er til og med barneskulealder. Koret har medlemmar frå mange av bygdene i Sande.

– Vi har god plass til fleire, fortel dirigent Marianne Brune Leikanger - og vi startar alltid øvingane med å synge: «Her Er Det Plass For Alle, Her Er Ei Opa Dør».

Som fin, rennande sand...

Det var også denne songen barnekoret opna det heile med, og song så fint at det fortel om liv og godt humør. Så var det velkomsthelsing ved Ava. Deretter kom heile konserten som ein fin og rennande sand ut av ein sekk med hol i. Det gjekk så fint at det var ikkje til å tru. Alle småtrolla gjorde akkurat det som var tenkt at dei skulle gjere – heilt til punkt og prikke!

Larsnes kyrkje var fullsett. «Småtroll» var fabelaktig flinke og mange hadde kanskje ikkje våga å tru at denne konserten skulle verte så «Heilt Fantastisk» gjennomført. Det må jammen ha vorte brukt svært mykje tid på å lære seg alt det som vart så godt framført i kyrkja.

På konserten var det fin musikk, 10 fine songar, gode opplesingar og mange, svært flinke solistar. Den yngste solisten var berre tre og eit halvt år, noko som var heilt imponerande framfor ei fullsatt kyrkje.

I tillegg til solosong fekk nokre prøve seg på opplesing og eiga musikkframføring. I denne samanheng har vi valt å ikkje kommentere nokon enkeltprestasjon – her var alle med, og alle like viktige – det var godt tydeleg!

«Småtroll» på Larsnes kom til verda ved hjelp av mellom anna ei jordmor. Fødselsåret var 2001. Etter 15 år prøvde jordmor-Marianne å slutte med barnekoret, men det gikk ikkje så bra. Jubileumskonserten til Sande kommune i 2017 tende gnisten igjen og «Småtroll» lever i dag i beste velgåande.

Pianisten Håkon Vestnes er fast på kvar øving og resten av bandet vert henta inn ved behov. Det er stor oppslutning og veldig kjekke øvingar, om lag kvar tredje veke. Alle med bollar og saft slik det har vore frå starten av.

Marianne fortel også at ho har vore jordmor for fleire av dei som er i dagens «Småtroll». Det synest ho er skikkeleg rørande og inspirerande!

Godt tilrettelagt

Småtroll-konserten var så godt tilrettelagt som ein berre kunne tenkje seg. Godt gjort å få til eit slikt musikk-samspel mellom orkester-gruppa, borna i koret og dei unge solistane.

«Småtroll» hadde kalla konserten sin «Heilt Fantastisk», som også var tittelen på siste songen der det svinga skikkeleg. Og det var verkeleg fantastisk å oppleve den songgleda som borna leverte. Smil og sjarme, innleving og herleg glede.

Det var «Konfetti-Bjarte» som fekk æra av å avslutta det heile med eit striregn av glitrande konfetti-bitar i alle fargar nedover «Småtroll». Såleis vart det ei minneverdig og strålande førestilling frå start til slutt.

Konserten var på ein måte over før ein fekk sukk for seg. Det er eit godt teikn på at det som vart framført var spennande og av beste sort. Alle småtrolla fekk kvar si rose etter konsertslutt – velfortent til alle saman!

Ved avsluttinga vart det også delt ut blomster og takk til alle som hadde vore med: Kjøkkenbestemødrene, styret, lydmannen og sjølvsagt orkesteret. Orkester: Henrik Solheim Stave (gitar), Ludvik Brune Leikanger (bass), Stig Arve Slettestøl (slagverk) og Håkon Vestnes (piano).