Sist helg inviterte «Mandskoret Solblik» til jubileumsfeiring på Breidablik på Larsnes.

Det er 50 år sidan koret hadde si fyrste framføring. Det heile starta på gamle Breidablik nyårsaftan i 1968, med songen «det er Mandskoret Solblik».

Fyrste feiringa koret hadde var ved ein fjerdedels hundre, den neste ved ein tredjedels, og no med eit halvt hundre. Neste feiring vert då naturlegvis ved eit heilt hundre; og alle frammøtte vart sjølvsagt inviterte.

Varma opp for Åge

Generalkonsul Trond Torset la fram eit historisk attersyn, der publikum fekk høyre om dei mange ulike tilstellingane koret har vore med på. Mellom anna var koret oppvarmingskor den gongen Åge Aleksandersen spelte på Martins på Larsnes.

Det vert hevda at Åge likte koret så godt at han ville ha dei med vidare på turné, men medlemane i Solblik er travelt opptekne og måtte diverre takke nei.

I dag tel koret 12 medlemar, med Rasmus Ekroll som dirigent. Sidan oppstarten har det totalt vore 25 songarar innom koret. Av medlemane i dag har Trond og Rasmus vore med heilt sidan starten. Ein viktig del av Solblik er å framføre eigne tekstar, og det er eit mål å ha minst ein nyskriven song kvar gong dei går på scena. Innhaldet i tekstane er ofte lokalt og med ein god dose humor.

I tillegg til underhaldning frå scena, vart det også servert treretters middag, med bacalao til hovudrett. Velsmakande mat, god stemning, og fullt hus på Breidablik vitnar om ei vellukka jubileumsfeiring. Etter responsen frå publikum å døme kan det godt hende koret bør vurdere å ikkje vente 50 år til neste jubileum med å setje opp eit nytt arrangement.