– Eg gjer ting på scena som ikkje har vore gjort tidlegare. Eller, rettare sagt, eg har ikkje sett andre ta i bruk dei same forteljargrepa før. Showet vil nok by på nokre overraskingar.

Vi sit i hotellresepsjonen på Thon Hotel Fosnavåg. Fredrik Steen er godt gang med å fortelje oss om hans siste standupshow, ei førestilling han no reiser rundt med på Nordvestlandet, og som om nokre veker er mogleg å få med seg på Fosnavåg konserthus.

– Showet heiter «Breaking dad». Namnet spelar, som sikkert fleire forstår, på ein amerikansk TV-serie der ein barnefar må lære seg å bli «bad» for å tene pengar som narkobaron. Humoren i showet fokuserer på korleis eg med mine fire born, med tre forskjellige mødrer, har klart å knekke pappakoden.

Vakse publikum

Med hans eigen foreldresituasjon som bakteppe for humoren, er det akkurat foreldre Steen ser på som si primærmålgruppe.

– Eg trur alle i vaksen alder kan kose seg med showet sjølvsagt, men at ein som forelder vil ha eit større grunnlag for å forstå referansane og kjenne seg igjen i humoren, er ikkje til å legge skjul på. Eg vil absolutt seie at ein vil kunne lære nyttige ting gjennom førestillinga, forklarar Steen.

Dynamikken er viktig

Som Steen allereie har påpeika, byr showet på fleire overraskingar. Han kan mellom anna røpe at han utfordrar seg sjølv i ein sjanger han aldri før har gjort live.

– Eg skal faktisk rappe, so det blir spennande.

Komikaren forklarar at han lenge har hatt ein fascinasjon for rapping. Ein av grunnane er den klare parallellen til det han driv med i standupen.

– Som i standup, handlar rap om å sjå verda gjennom eigne briller og formidle personlege hendingar, tankar og meiningar, forklarar Steen.

Utanom rappinga, røper ikkje Steen mykje meir, anna enn å seie at det blir dynamikk i framsyninga.

– Det blir ikkje berre punch line på punch line. Eg har også innslag som skapar rom for ettertanke. Det er viktig å skape litt pusterom også, då slår humoren betre.

Godt tatt imot så langt

Då showet har vore vist fleire gongar allereie, spør vi Steen kva han sjølv tenker om responsen han har fått så langt.

– Eg har fått mykje flotte tilbakemeldingar på showet. Spesielt var det kjekt å få ros på heimebane då eg hadde premiere i Ulsteinvik. Det er alltid skumlast på heimebane, då ein som regel kjenner att halve salen. Likevel gjekk dette veldig fint.

Men sjølv om showet no har turnert ei stund, trur Steen at det i Fosnavåg vil vere annleis enn korleis det har vore andre stadar.

– Eg er ikkje av typen som skriv eit manus og held meg til det. Manuset er ein organisk ting for meg, som alltid er i endring. Eg gjer stadig forbetringar på showet. I tillegg gjer eg naturlegvis lokale vriar på ting, seier Steen, og ymtar om at han også kjem til å ta ein lokal vri i Herøy.

Han har trass alt sambuar som kjem her ifrå, og …

– Eg har fått meg ein på trynet i Fosnavåg før, så her er alltid ting å ta av, smiler Steen.