Marius Bøe seier dette i ei pressemelding.

– Eg ser på Hødd som ei moglegheit for å skape noko. Frå første dag vi starta dialogen, så var det mykje som samsvarte i forhold til utvikling av lag og spelarar. Kultur og verdiar, og tankesett samsvarte veldig godt med det Hødd skal vere, og det eg sjølv står for. Klubben ønskjer å jobbe i ein toppfotballkultur der hardt arbeid, lojalitet og masse energi skaper utvikling og prestasjonar. Gler meg til å bli kjent med klubben og Ulsteinvik.

Styreleiar Bård Dalen er elles også begeistra.

– Hødd Fotball er svært godt nøgde med at Marius vert med på den satsinga som klubben legg opp til framover. Vi ser fram til eit godt samarbeid for å ta klubben dit vi ønskjer Hødd skal vere i åra som kjem. Marius vert sentral i dette, vi gler oss til å kome i gong, seier Dalen.

Dette er bakgrunnen hans:

Marius kjem frå toppfotballen og har vore assistenten til Eirik Bakke i Sogndal i fleire år og var også med til Lillestrøm når Bakke tok over dei i fjor haust. Han var også assistenten til Lars Arne Nilsen i AaFK, og han leia også AaFK som mellombels hovudtrenar i seks kampar i Eliteserien og i tre cupkampar. I tillegg har han jobba for NFF Sogn og Fjordane og aldersbestemte landslag.

  • 2010 – 2012 Kaupanger (Hovudtrenar)

  • 2012 – 2014 Kaupanger dame (Hovudtrenar)

  • 2014 – 2015 Sogndal 2 (Hovudtrenar)

  • 2015 – 2017 Sogndal (Assistent)

  • 2018 – 2020 NFF Sogn og Fjordane (Trenarutviklar)

  • 2020–2022 Sogndal (Assistent)

  • 2022–2023 AaFK/Lillestrøm