Fyrste omgang var det som forventa Ålesund som styrte kampen. Største delen av omgangen blei spelt av eit svært defensivt heimelag. Likevel var dei ved nokre høve framme og flørta litt på AaFK sin banehalvdel, utan å skape altfor store moglegheiter. Uavhengig heldt Bergsøy imponerande stand defensivt. Etter 29 minutt med speletid drog Jernade Meade seg fri inne i feltet og sette eittmålsleiinga får AaFK.

Resten av omgangen var det AaFK som var mest ballbesittande, men Bergsøy nekta å sleppe inn meir.

– Fyrste omgang gjer vi som planlagt. Å ta føringa i ein slik kamp ville vere galskap så vi vel å ligge defensivt og tette bak. I slike kampar gjeld det å vere smarte, og det er vi. Når det blir berre eit måls leiing til AaFK i fyrste omgang anar vi moglegheiter, fortel Toni Sandanger om kampen.

Råsterk andreomgang

Fyrste delar av andreomgang såg ut til å bli lik den fyrste sjølv om ein sakte men sikkert merka kampens heite då det blei skapt fleire dødballar. AaFK sleit med å skape nok press mot Bergsøy.

Midtvegs ute i andre omgang er då det verkeleg spissar seg til i kampen. Bergsøy byrja då å verkeleg få tak om kampen. Det blir vill jubel på tribunane når Franjo Tepuric treff høgst på ein dødball og utliknar for Bergsøy. Klokka viste då 75 minutt.

I dei siste speleminutta kjempa Bergsøy som heltar offensivt og AaFK såg ikkje ut til å sjå alvoret i det som var i ferd med å skje. Fire minutt før kampslutt sende Craig Rogers av frisparket som sette fyr i publikum på Havila Stadion Fosnavåg. Bergsøy tok leiinga 2-1, og etter nokre uuthaldelege overtidsminutt kunne Bergsøy-spelarane sleppe jubelen laus. Bergsøy er vidare til andre runde i cupen.

Dette kan strengt tatt omtalast som tidenes Bergsøy-siger sidan stordomstida på 80-talet.

Heilt enormt

– Fy Fabian, dette er heilt enormt. Vi lykkast med alt det taktiske. Innsatsen som blir lagt ned. I pausen vart vi einige om å stenge romma for Ålesund. 99 av 100 kampar skal Ålesund slå oss, men vi kan klare det og det gjer vi i dag. Dette er ein av Bergsøy sine største prestasjonar på lenge, sa Sandanger i lykkerus etter kampen.

– Dette viser at denne klubben er på rett veg, la han til.

To andre som var heilt i himmelen etter kampen var Franjo Tepuric og lagkaptein Daniel Jøsok Kvalsvik.

– Kva skal eg seie no? Vi fortener å vinne i dag. Ålesund-spelarane vart stressa og vi leverer fantastisk mot slutten av andre omgang. Eg byrja faktisk å gråte, sa Tepuric.

– Eg er ufatteleg stolt over karane. Ikkje minst vil eg også rose alle i publikum som var her med oss og støtta oss gjennom heile kampen, sa ein rørt lagkaptein.

Han håpar dette vil bety at folk ser at klubben tek rette steg.

– Vi er best

På tribunen var der 1029 tilskodarar som vitja sensasjonsoppgjeret. Blant dei var ein haug med unge Bergsøy supporterar som tok heilt av når dommaren blåste i fløyta for kampslutt.

– Dette er heilt sjukt. Dei er så fantastisk flinke. Craig Rogers og Franjo Tepuric er heltar, seier Trym Sævik, Linus Nygård Olsen og Samuel Haugen i kor.

Alle tre er så oppstemde at dei knapt klarar å prate. Vi spør dei kvifor Bergsøy vinn i dag, og det er ikkje vanskeleg å svare på.

– Det er fordi vi er best og kjempa hardt, roper dei tre.

Dei seier slike kampar gir dei lyst til å trene endå meir i Bergsøy.