Ofte ser vi at det kjem initiativ frå ei bygd eller eit utval personar: Fartsgrensa er for høg. Her er trafikkfarleg. Nesten like ofte kjem fagfolk frå fylkeskommunen på banen og seier: Nei, ifølge forskrift X eller Y – og ikkje minst handbok C, så tilseier ikkje forholda i dette området at fartsgrensa skal endrast.

Fylkeskommunen skriv deretter frå seg litt av ansvaret og avsluttar brevet – tilrådinga – med å slå fast at det er Statens vegvesen som har det endelege vedtaket.

I neste instans kjem Statens vegvesen med høgtideleg vedtak der dei følgjer tilrådinga frå fylket.

Lokalt har vi sett det fleire stadar; i Tjørvåg, på Moltu, i Gjerdsvika, Gursken, på Sandsøya og til dels også i ytre Herøy. Bygdefolket meiner fartsgrensa er for høg. 60-sone bør bli 50-sone, er ein klassikar.

Men nei, det bur ikkje nok i folk i området, eller; «trafikken er for låg». Avslag på grått papir. Andre gongar ser vi døme på at fartsgrensa blir auka, som på strekninga Almestad-Vågen, der det gjekk opp frå 60- til 80-sone. Det var delte meiningar om den saka, og det er det framleis.

Underteikna meiner det er for vanskeleg å få gjennomslag. Er vi på ein smal fylkesveg der det også er bygningar/konstruksjonar og andre tilhøve som seier det er dårleg sikt, burde vegstyresmaktene ha applaudert lokale forslag om reduksjonar, i staden for å sable dei ned med paragrafar og forskrifter.

Det er folk i grendene som har skoen på og difor veit kvar han trykkjer.

Så travelt har vi det vel ikkje at vi må køyre så fort som berre mogleg? I mange tilfelle er jo vegane også av ei slik forfatning at fartsgrensa burde ha vore endra berre av den årsaka, åleine.