– Revidert rekneskap stadfestar at 2017 vart eit bra økonomisk år for Sande kommune. Når kommunestyret har vedteke rekneskapen vil eg tru vegen er kort fram til at Fylkeskommunen avsluttar Robek.-statusen vår, seier ordførar Dag Vaagen til Vestlandsnytt.

Det driftsmessige resultatet enda på vel 8,6 mill. kr i fjor. Av dette var det planen å betale ned vel 4,1 mill, kr på tidlegare opparbeidd underskot. Kommunen sit då att med 1,9 mill. kroner av tidlegare underskot som ikkje er betalt.

– Planen er å betale ned resten av underskotet allereie no. Då sit vi også att med om lag 2,6 mill. kr som kan setjast inn på disposisjonsfondet i 2018, seier Dag Vaagen til Vestlandsnytt.

Trass i overskotet i 2017 må kommunen likevel gjennom store innsparingar i åra som kjem. Ein framskriven modell syner nemleg at det vert stadig større sprik mellom inntekter og utgifter. Dermed må driftsutgiftene til kommunen takast monaleg ned framover.

Utanom Sande er Ålesund, Stranda og Giske i «svarteboka» til Fylkeskommunen, Robek-registeret.