Tilsynelatande skal det ikkje vere snakk om livstrugande skader.

- Ulykka har skjedd ved at ein Mc har køyrt inn i ein annan lett Mc som stod stille. Førar av fyrstnemnte er frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse. Den andre er frakta til Volda sjukehus. Førarkortbeslag av førar som køyrte på den andre. Dette melder politiet på Twitter.

Politiet melde om ulykka 22:45 onsdag kveld.