(Etter denne saka har blitt kjend har Vestlandsnytt fått vite at vedkomande som skriv til kommunen ikkje eig areal i området som er omtala. Feilen kjem på trykk i avisa i morgon. Vi beklager det)

Dette spørsmålet er stilt til Herøy kommune i samband med forslaget til reguleringsplan for ti nye bustader ved Toftestøa.

Særeige landskap

Han som spør har sjølv tidlegare hatt liknande planar i same området, men fekk avslag då det var definert som friluftsområde.

Dette er ein definisjon han meiner må stå ved lag, og viser til området sine landskapsmessige eigenskapar. Det særeigne landskapet, med låge fjellknausar, er eit kjennemerke for sørsida av Bergsøya som ein ikkje finn maken til.

Desse eigenskapane bør bevarast for ettertida, meiner han, og sender kopi av brevet både til Fylkesmannen og til Klima- og miljødepartementet.

Han viser også til naustplanane og slår fast at Toftestøa allereie er oppfylt til den maksimale grensa med tanke på kva som er og skal byggast av naust i høve til rettsboka frå jordskifteretten.