HerøLAN har fått 10 000 kroner til innkjøp av Funnballs, medan Ytre Gurskøen ten-sing får 6000 kroner i støtte for innkjøp av utstyr.

- Vi ser at engasjementet til ungdommane i fylket er stort og dette er noko som gler oss stort, seier leiar i ungdomspanelet Urtė Karanauskaitė i ei pressemelding.

13 prosjekt får midlar

Kvart år deler ungdomspanelet ut 250 000 kroner til ekstraordinære ungdomsaktivitetar i fylket. Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer ungdomsengasjement i fylket og skal gå til alternative ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. I år var det i alt 39 søknadar, fekk 13 av dei midlar.

Desse har fått støtte våren 2018:

SøkarKommuneSøker midlar tilTilsagn
HerøyLAN v/Carl-Henrik MoltumyrHerøyInnkjøp av Funnballs10 000
Rauma Mini-ConRaumaSommarcamp 23.--24. juni1500
Ørsta og Volda ballettskule v/ S. HillØrstaVårshow 20185000
Gjemnes ungdomsklubb v/Olav NilssenGjemnesUtstyr til Gjemnes ungdomsklubb18600
Hjørundfjord kulturvernlag v/S. R. HillØrstaUngdomsdel på Fonndokumentasjons.10 000
Møst barneteater v/Lars Erik FlatøyKristiansundKjøp av mikrofonar (mygg)10 000
Ytre Gurskøen ten-sing v/Wenche G. SætreHerøyStøtte til kjøp av utstyr6000
Moldespeiderne v/Bjørn Erik HjellsetMoldeMobil hinderløype15 000
Kristiansund sjakklubb v/Roger HojemKristiansundStøtte til sjakkopplæring12 000
Grimstadhøgda 4H v/Ann Marit VikanTingvollInnkjøp avWiglo lavvo/telt7500
Bell ungdomsklubb v/Ingunn RøysetUlsteinSkrivekurs for ungdom400
Rensvik Paintballklubb v/May W. UranKristiansundBygging av paintballbane i Sødalen17 000
Ungdomsklubben ØrskogØrskogInnkjøp av shuffleboard12 000