6. april reiste Bergsøy United til Førde på Gullserieavslutning arrangert av NHF Region Vest. Her spelte dei handballkampar mot lag frå Sogn og Fjordane og Bergen.

– Foreløpig er det ingen serie som passar for oss i vår region. Bergsøy har derfor takka ja til å vere med i Gullserien som blir arrangert i Sogn og Fjordane og Hordaland, opplyser trenar Stig Vestnes.

Dette er andre gong Bergsøy United deltek her.

– Alle fekk kjenne kor godt det er å meistre spelet, ein svært lykkeleg gjeng med minne for livet, fortel Vestnes.

Han beskriv ei innhaldsrik helg med mange kampar og flott laginnsats frå gjengen.