Arbeidet er ein del av førebuingane til arbeidet med utdjuping av Gjerdsvika hamn. Det er selskapet Dr. Techn. Olav OIsen som skal gjennomføre undersøkingane på land.

Konkret vert det ein tilstandskontroll på bygningar og konstruksjonar 2. og 3. mai. Det skal takast bilde og gjerast målingar av eksisterande konstruksjonar. Kystverket ber om forståing for at dei kjem og ser seg rundt på eigedomane.

I andre halvår vert det eit storstilt utdjupingsarbeid på Gjerdsvika hamn, med tilhøyrande etablering av infrastruktur som deponi, og seinare også etablering av kaier. Prosjektet er kostnadsrekna til rundt 100 milll. kr.