Som tidlegare omtala søkte den frivillige organisasjonen «Fallgard» i fjor staten om midlar til strandryddingsaksjonar i Herøy kommune. Då fekk ein avslag, men etter samkøyring med Herøy Kommune, SSR og Runde Miljøsenter fekk søknaden eit positivt utfall.

– Vi må sette i gong no, før grasveksten tek til, seier Odd Arne Arnesen, som saman med Bjørn Endresen er ein av initiativtakarane til å skipe «Fallgard».

Arnesen peikar på at sidan fuglen på Runde finn reirmaterialet av plast og rusk rundt om i fjørene, er det særs viktig å få til ein skikkeleg ryddeaksjon.

Om vêret tillet det, vil fyrste etappe av ryddeaksjonen starte i morgon når over 60 elevar frå Herøy vidaregåande skule dreg ut til Skorpa. Med Storevågen som base skal dei først rydde strendene på vestsida og halde fram med strendene på begge sider av Skorpesundet.

– Å få rydde på Skorpa er særs viktig, seier Endresen, og viser til at mykje sjøfugl jaktar på mat her ute og truleg også sankar reirmateriale i fjørene ut mot havet.

Her er nok å ta fatt på

Fallgard har gjort ei grundig kartlegging av områda og veit at der er mykje som må ryddast. Heile Storevågen er forureina av plast, tauverk, trål- posar og anna som må ryddast opp i, men ingen har oversikt over kor mange storsekkar som må fraktast til land.

Mykje logistikk

Det er mykje logistikk som skal til for å få ein slik aksjon i hamn, og den er veravhengig. Då folk frå skulen var ute for å gjere seg kjende, kunne kjentmann Endre Skorpen fortelje at det kan vere mykje drag i sjøen sjølv om Storevågen ligg lunt til. Difor kan det hende at programmet må endrast, alt etter vêret.

Forsking på mineralt avfall

Runde Miljøsenter skal òg være med til vestsida av Skorpa. Dei skal hente ut marint avfall frå nokre prøveområde, som skal analyserast og forskast vidare på. Dette vil vere ein del av ein større rapport som skal sendast til Miljødirektoratet.

Eiga side på internett for registrering av avfall

Geodataingeniøren i Herøy kommune har gjort ein god jobb med å laga ei eiga internettside der alle kan gå inn og registrere kvar dei har funne avfall/rydda avfall og posisjonsbestemme kva det er funne. Her kan ein legge inn kva type avfall og også laste opp bilete. Linken til sida kan ein finne på Fallgard si heimeside, www.fallgard.no eller på Facebook. Registreringa gjeld for alle område av Herøy, men dersom du registrar marint avfall i fjøra, så er det viktig at publikum får det plassert på rett stad, seier Bjørn Endresen. På den måten kan det nyttast ved seinare aksjonar og det kan og være nyttig informasjon til den nye Kystsoneplanen som Møre Pilot utarbeidar.

5. mai er og ein viktig dag

Laurdag 5 Mai er den nasjonale ryddedagen og då håpar Fallgard, Herøy Kommune, SSR og Runde Miljøsenter at alle grendelaga er med. Vi veit at mange allereie er i ferd med å organisere rydding i bygdene sine, og vi håpar at alle som kan, stiller opp for bygda si den dagen, seier Arnesen. På den måten kan grendelagsleiarane få organisert folk og å gå manngard og rydde strandsonene. SSR vil stille med containarar og sekkar til ryddinga.

Sparebanken Møre, Fokus Rekneskap og Marine Harvest AS vil og gjerne vere med på ryddinga. Marine Harvest stiller Big bags (Storsekkar) òg med arbeidsbåtar som hentar storsekkane på avtalte stader langs fjøra og fraktar dei til kai der containerane står.

Fallgard 2 SØPLA FLYT: Søpla flyt i fjøresteinane både på Skorpa og dei andre øyane i havgapet.
SAMLAR: Havsuler som samlar inn materiale til reirbygginga i Rundebranden.