Trenar for sesongen 2018/19 vil vere Marina Bazzeo, som nyleg er tilsett som ny hovudtrenar i Hødd handball.  Ein ønskjer i første rekke å få til ein fylkesserie med andre J18-lag i Møre og Romsdal, noko det er stor interesse for hos fleire klubbar i fylket.

Laget heiter Bergsøy/Hareid/Hødd og heimebane vil rullere mellom klubbane. Gruppa vil truleg bestå av drygt 20 spelarar og ein tek sikte på at laget har to fellestreningar i veka, i tillegg til trening i eigen klubb. Dei vil samarbeide med toppidrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule med å lage utviklingsplanar for dei enkelte spelarane. Målet er å ha høg sportsleg kvalitet, som kan gjere spelarar aktuelle for regionale lag. Det blir også fokus på sosial tilhøregheit. Spelarane kan i tillegg spele for lag i eigen klubb.