Kalveneset grendelag meiner noko snart må bli gjort med den 1,1 kilometer lange kommunevegen på Kalveneset.

I eit brev til kommunen viser grendelaget til at vegen fleire plassar er i ferd med å gå i oppløysing. Høg rygg på midten, i kombinasjon med djupe hjulspor, gjer at ein må køyre sikk-sakk for ikkje å subbe nedpå. Ved snøfall blir mykje snø liggande igjen etter brøyting. Når alt dette frys og blir glatt blir det mange farlege situasjonar.

Slik grendelaget ser det må vegen utbetrast i fyrste omgang, og seinare få ei full oppgradering med pukk, duk og ny asfalt. I tillegg må grøftene ordnast, slik det vart lova etter ei synfaring sist sommar.

Vegen blei fyrste gong asfaltert i 1986, og etter det har den blitt oppgradert ein gong.