«No er det atter vår i landet, og det er på tide å få alle amerikanske glis ut i sola».

Slik marknadsfører gjengen bak det årlege amcartreffet seg. I år, som før, er det 1. mai det skjer i Fosnavåg.

– Ta fram den gamle klassikaren eller den nye modellen frå i fjor og vis han fram på Vårmønstring 1. mai, oppmodar Tor Inge Sporstøl og Amcar Ytre Sunnmøre. 1. mai er nemleg dagen då Fosnavåg vert «invadert» av amerikanske bilar og mc-ar.

Amcar Ytre Sunnmøre inviterer for 34. gong alle til Vårmønstring 1. mai ved Herøy kul- turhus i Fosnavåg.

Som tidlgare år vil alle amerikanske bilar og motorsyklar sleppe gratis inn. Det har tidlegare år vore over 400 kjøretøy og over 4000 personar innom portane denne dagen.

Inkludert i inngangsbilletent i år er også inngang til Sunnmørsbadet. Så her får ein mykje valuta for inngangspengane.

- La mor og barn bade, medan far ser på bil, eller omvendt, lyder oppmodinga.

Også i år kjem den flotte gjengen fra HOG Chapter Nordvest på besøk.

Buldrande og blankpolerte Harley-ar vil varme mange hjarte, meiner arrangørane.

I tillegg håper arrangøren på å få besøk av nokre store, flotte «Big Rig’s». Det er amerikanske trailerar som ruvar godt på norske vegar.

Innandørs vil der vere modellbilutstilling. Så her er det berre å ta med seg sin modellbil og stille ut. Der vil også vere ulike utstillingar. Ein vil også kunne slappe av i kafeen innandørs der ein kan få kjøpe seg ein god middag, og det vert kiosksal utandørs. Store og flotte USA-prega premiar skal sjølvsagt også delast ut, i år i heile 19 klasser.