– Vi er framleis på jakt etter ein eller to kundar som vil bruke oss mykje der vi etablerer oss. Det må til for at vi kan ta steget ut i Europa.

Det seier dagleg leiar Roger Kaldhol i Herøy-selskapet med avdelingar langs heile norskekysten, samt Hirtshals og Gøteborg.

For ei tid sidan styrka selskapet seg på salssida med å tilsette ein seljar i Danmark. Han vil ha som hovudoppgåve å skaffe selskapet nye kundar sør om Skagerak.

Heilt frå starten av i 2011, då selskapet blei etablert som Sevi Turbo, har dei hatt vekst og utvikling som nummer ein. Dette har resultert i at Davi Turbo i dag er lokalisert med ni strategisk plasserte avdelingar på norskekysten, samt Sverige og Danmark.

Omsetninga har auka kvart år sidan starten og passerte i fjor 16 millionar kroner.

– Vi kunne ha tenkt oss mykje meir omsetning, men utvikling av selskapet er framleis det viktigaste for oss, seier Kaldhol.

Steget ut i Europa kan bli teke innan utgangen av året.