Hoggormen er den einaste giftige slangen vi har, og den finst i det meste av landet, frå fjørekanten til snaufjellet.

Ufortent rykte

Hoggormen er eit vekselvarmt dyr og kan dermed ikkje oppretthalde ein konstant kroppstemperatur. Difor er han avhengig av temperaturen på omgivnadane.

Dette er grunnen til at slangen kjem fram når temperaturen stig. Spesielt på småkjølige vårdagar kan vi sjå han liggje på nakne steinar i område med mykje lyng for å ta til seg så mykje varme frå sola som han klarer.

Til forskjell frå mange andre slangar er gifta til hoggormen vevsoppløysande, dels for å drepe byttet og dels for å framskunde fordøyingsprosessen.

Denne gifta er meint for å ta livet av små dyr som gnagarar og frosk. Dersom eit menneske går forbi vil hoggormen anten liggje heilt i ro i håp om å ikkje bli sett, eller prøve å flykte.

Det skal mykje til før slangen bit menneske og ein må gjere han frykteleg irritert eller redd for å bli biten. Som oftast skjer biten i samband med at ein har trakka på slangen ved eit uhell.

Skulle uhellet likevel vere ute er sjansen god for at hoggormen har valt å ikkje bruke gifta si, men berre bite eit «tørrbitt» for å skremme deg vekk.

Ungane er fødde med gift, men med mindre mengder enn foreldra. Derimot har dei ikkje lært å kontrollere giftmengda. Difor kan bittet frå ein ung slange vere farlegare enn frå ein vaksen.

Det er svært sjeldan at nokon døyr på grunn av hoggormbit, men ein kan bli svært sjuk og oppleve store smerter. Uansett bør ein alltid oppsøke lege etter hoggormbit.

Mange trugslar

Trass frykta vi har for slangen lever han sjølv eit farleg liv.

Både kråker, mår og rev har hoggormen på menyen, men den største faren slangen opplever er matmangel.

Hoggormen føder vanlegvis 6-11 ungar og dette er ei så stor belastning at ho ikkje klarer dette oftare enn annankvar år.

Når hoggormen føder klekker egga inne i mora før ungane kjem ut. Etter to-tre fødslar døyr ho av belastninga.

Når temperaturen kjem under 13 grader grev hoggormen seg ned for å halde varmen, ofte åleine men opptil 800 hoggormar har blitt funne i same hòl!

Vanskeleg å sjå: Mønsteret og fargen gjer slangen svært vanskeleg å få auge på.