Møretrygd melder om eit overskot på 13,4 millionar etter skatt i 2017. Overskotet går til styrking av eigenkapitalen som etter dette er på 360 mill. kroner.

Den samla forsikringspremien har vakse frå frå 70 til 170 mill. kroner frå 2007 til utgangen av 2017. Premien fordeler seg med 80 millionar på landbasert forsikring og 90 millionar på sjø.

På generalforsamlinga nyleg blei Gunnar Stein Hareide attvalt som styreleiar og Solveig Strand som nestleiar.

Petter Geir Smådal var mellom dei som gjekk ut av styret og blei erstatta av Olav Remøy.

GODT ÅR: Adm. dir. Bjørn Bakke er leiar for eit forsikringsselskap i solid utvikling.