Saka av prinsipiell interesse vert synleggjort gjennom ei fire sider lang saksutgreiing frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Bakgrunnen er ein søknad frå Larsnes idrettslag. Det er trimgruppa som har søkt om å få merke råsa som går frå Drageskaret og ut til Nupatinden. Råsa går gjennom Nupafjellet naturreservat.

Nokre pinnar i råsa...

Planen til idrettslaget er å merke råsa med merkepinnar som skal stå med 30-50 meters avstand. Det er standard pinnar som er kvite med raudt på toppen ein ynskjer å tlby turfolket.

Søknaden er behandla etter Forskrift om verneplan for hekkande sjøfugl. Det var i 2010 reservatet på Nupafjellet vart etablert. Området vert rekna som ein viktig lokalitet for fleire måseartar og ærfugl.

– Nupafjellet er ein viktig hekkelokalitet for sjøfuglane i Sande, skriv saksbehandlar Astrid Buset ved Fylkesmannen sitt kontor.

Ho opplyser at måsekolonien har vore stabil over tid. Det har vore opp i 200 hekkande par gråmåse. I tillegg finst det sildemåse og svartbak i området. Dessutan også ærfugl, enkeltbekkasin og storspove. Talet på hekkande måsar har i fylgje saksutgreiinga gått mykje ned dei seinare åra.

– Merking gir fleire turgåarar

– Studiar syner at menneskeleg ferdsel i måsekoloniar fører til lav hekkesuksess, mange forlatne reir og predasjon av ungar, skriv Fylkesmannen.

Øvrigheita ser det positive med at ei rås kan kanalisere ferdselen i området. Men:

– Samstundes vil fleire velje å nytte seg av ein merka sti. Dette aukar ferdselen og forstyrring av fuglelivet, samt gir ein hardare slitasje på vegetasjonen, skriv saksbehandlar Buset.

Må sende inn rapportar

På den andre sida seier lova at ein kan ferdast i såkalla etablert rås heile året. Fylkesmannen meiner at avslaget «ikkje vil legge avgrensingar på idrettslaget sin noverande fjelltrimaktivitet».

Fylkesmannen meiner vidare at råsa er godt synleg i dag. Han stiller vidare vilkår om at det vert rapportert inn kor mange som vitjar Nupatinden årleg.