Konsernsjef Øyvind Tørlen har orientert dei tilsette om at selskapet kjem til å betale ut bonus på 26.620 kroner i bonus. Bonusen vil kome på lønsslippen for mai.

Det er dei gode tala for 2017 som gjer at Jets no kan gi dei tilsette ei ekstra påskjøning. Selskapet sette i fjor ny rekord både i omsetning og resultat, og Tørlen seier seg glad for at dei kan gi alle som bidrog til rekordresultatet ein ekstra takk på lønsslippen.

På produksjonsgolvet til Jets var det god stemning å spore då bonusen blei kjend måndag. Bjørn Røyset, som er tillitsvalt for Fellesforbundet, meiner det er fleire gode grunnar til å gle seg over bonusen.

-Det beste med bonusen er i grunnen at den beviser at bedrifta går veldig godt, og at arbeidsplassane våre dermed er sikre. Det er minst like viktig som at det kjem litt ekstra pengar på konto, sjølv om det òg naturleg nok er veldig kjekt, seier han.

Konsernsjef Øyvind Tørlen har akkurat orientert om bonusen, til stor glede for tillitsvalt Bjørn Røyset og resten av dei tilsette i Jets As.