Sist veke stilte eit samla kommunestyre seg bak innstillinga frå fungerande rådmann Oddbjørn Indregård. Her heiter det at dei fem på Ytre Søre er eit naturleg blokksamarbeid.

Kostnader etter folketalet

– Men det må vere supplert med ei vidareføring og -utvikling av samarbeidsløysingar i 7-stjerna basert på dagens etablerte praksis. Eit framtidig blokksamarbeid skal organiserast på ein enkel og oversiktleg måte, basert på etablerte prinsipp som vertskommunemodell eller liknande, og der folketalet vert grunnlag for kostnadsfordelingar, heiter det i vedtaket frå Sande kommunestyre.

Dessutan signaliserer Sande-politikarane at dei vil vidareføre praksisen med å delta aktivt i ulike pilotprosjekt og i andre samarbeidsformer.

«Frivillig og ufrivillig»

Rådmann Indregård minner innleiingsvis i sakstgreiinga om at Sande kommune primært har gått inn for å slå saman dei fem kommunane på Ytre Søre Sunnmøre. Denne modellen vart seinare forkasta etter at nokre av kommunane sa tydeleg nei.

Etterpå vart alternativet med samanslåing mellom Herøy og Sande som kjent lagt daudt.

Sande-rådmannen strekar under at kommunen i dag står «ufrivillig åleine».

I dag har også Ulstein og Vanylven status som «ufrivillig åleine», medan Hareid og Herøy begge har status som «frivillig åleine».

Oddbjørn Indregård minner om ei rekkje relativt ferske område der ein involverer seg i interkommunalt arbeid: SSR (renovasjon), SSIKT (IKT), karttenester, kystsoneplan og legevakt.

– I tillegg føregår det regelmessig utvekslingar gjennom dei etablerte fagnettverka innan oppvekst, helse/omsorg, teknisk, stab og økonomi, skriv Indregård i utgreiinga.

NIVI Aanalyse har presentert nye idear til samarbeid og strukturar i kommunane. Omgrep som kommuneblokk og kommuneklynge er i dag nytta.

– Ideane byggjer på ei trinnvis endring nedanfrå, der kommunesamanslåingar er siste trinnet, heiter det til saka rådmannen har lagt fram for politikarane i Sande.

Definisjonen på ei kommuneblokk, der Sande altså vil vere med på laget, er:

«Ei kommuneblokk er ei gruppe nært samanhøyrande kommunar med felles utfordringar og sterke felles interesser i den kommunale verksemda.»

- Naturleg med Hareidlandet

Indregård slår fast at Sande kommune framleis tenkjer stort og breidt. Altså: Dei fem kommunane på ytre.

– I tillegg til at dette er vår kvardagsregion, vil ei slik løysing også kunne svare på reforma sine utfordringar om gode og likeverdige tenester, ei samordna samfunnsutvikling, meir robust økonomi og ei styrking av lokaldemokratiet, heiter det i rådmannen sine vurderingar.

Han seier dessutan at det er svært vanskeleg å sjå føre seg ei kommuneblokk utan at Hareidlandet er ein del av denne blokka. Det baserer Indregård på erfaringar frå dagleglivet innafor arbeid, handel og kultur.

– I tillegg til folket sine daglege bevegelsar har 5K-kommunane i dag sterke utfordringar og interesser gjennom samferdsleprosjekt, kollektivtransport, vidaregåande opplæring og næringsliv.

Sande kommune meiner utvida samarbeid mellom dei fem kommuane vil vere med på å sikre mellom anna likeverdige tenester og attraktive fagmiljø.