No har grunneigaren søkt om dispensasjon for arbeidet som dreiar seg om reparasjon av ein molo samt tilkomstveg til jordbruksføremål. Her viser han til at arbeidet gjeld reparasjon av ein molo som blei øydelagd av orkanen i 2011.

Vidare søkjer han om å få etablere tilkomstveg til beiteområdet og skogsarealet han har i området. Arbeidet skal utførast på ein måte som gir minst mogleg inngrep i naturen.

Tiltaka han har sett igang medfører ikkje noko prinsipiell endring av arealbruken i området. For moloen er det tale om reparasjonsarbeid, og vegen er ein naturleg del av drifta.