Bergsøy stod for den største overaskinga i 1. cuprunde då dei slo ut Aalesund. Etter ein omgong låg dei under 0–1, men snudde og vann mot Lars Bohinens menn.

No får Toni Sandanger og karane i Bergsøy besøk av Kristiansund. Hødd møter Florø.

- Vi har alt å vinne

- På heimebane legg vi oss ikkje flate for nokon. Vi har alt og vinne og Kristiansund har alt å tape, seier Toni Sandanger om motstandaren.

Han veit det er eit sterkt lag som Bergsøy skal møte, men...

-  Vi skal stille opp eit godt lag som skal kjempe hardt.

I kveld møter Bergsøy Volda i serien.