Dei første 10 minutta var jamspelte, men i resten av kampen dominerte Bergsøy både i banespel og i målprotokollen. Dei to første måla kom etter tafatt forsvarsspel frå Volda.  Først ved Fanjo Tepuric og deretter ved Håvard Hundsnes.  Like før pause auka Tepuric til 3-0 på ei fin avslutning til venstre for Volda sin keeper.

Bergsøy starta best også i 2. omgang, og Tepuric sette inn sitt tredje mål i kampen like etter pause med eit fint hovudstøt.

Etter dette sleppte Bergsøy seg litt ned, og Volda tok over initiativet i kampen.  Dei spelte seg fram til nokre sjansar og fekk også ei utlikning midtvegs i omgangen.  Rett før slutt  fastsette Daniel Jøsok Kvalsvik sluttresultatet til 5-1 på ei avslutning frå kort hald.

Aasen tukta gamleklubben

Bergsøys gode keeper, Petter Aasen, var godt fornøgd etter kampen:

– Vi var overlegne i 1. omgang, men i andre omgang slapp vi oss ned og let Volda få nokre brukbare sjansar.  Det var kjekt å vinne over gamleklubben, og eg ynskjer dei lukke til resten av sesongen.

1-0: Franjo Tepuric (16 min), 2-0: Håvard Hundsnes (33), 3-0. Franjo Tepuric (43), 4-0: Franjo Tepuric (48), 4-1: Stian Moe Finnøy (74), 5-1: Daniel Jøsok Kvalsvik (90)

Gule kort Bergsøy (Espen Driveklepp, Petter Aasen, Daniel Jøsok Kvalsvik, Håvard Hundsnes og Craig Stuart Rodgers).

Raudt kort til Voldas Tanel Meltz (2 gule).

Dommar: Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL Fotball