Saksøkjarane har ikkje greidd å overbevise tingretten om at Sunsea Seafood er betalingsudyktig. Dermed har tingretten funne å ikkje kunne ta konkurskravet til fylgje.

Bakgrunn for konkurskravet er manglande betaling for kjøp av fisk frå selskapa Selected, Kjellsea, North Sea Seafood og Platina Seafood. Dei fire selskapa har over fleire år levert fisk på kreditt til Moltu-bedrifta. Samla krav mot kjøparen er på over 18 millionar kroner.

Fekk kredittgrensa redusert

Gjennom ein avtale som blei inngått med Coface i mars i fjor, fekk Sunsea etablert ei kredittgrense på 20 millionar kroner. Seinare på året fekk selskapet problem med å «rulle» kredittane til rett tid, og det gjorde ikkje problema mindre at kredittselskapet rundt årsskiftet reduserte kredittgrensa med fem millionar kroner.

Denne reduksjonen ser Sunsea på som eit kontraktsbrot som har skapt alvorlege likviditetskonsekvensar for selskapet.

Planar for løysing

For retten blir det vist til at Sunsea Seafood har kome med fleire forslag som ville ha ført til at selskapet innan kort tid kunne ha betalt forpliktelsane sine innafor sette kredittider. Planane går mellom anna ut på å skaffe likviditet gjennom sal av det pelagiske utstyret. Denne prosessen skal vere godt i gang.

Vidare er det klare planar som vil sikre vidare drift i den strategiske partnaren Sunsea As. Denne planen vil tilføre Sunsea Seafood god og solid inntening og likvide midlar dei komande fire-fem åra, blir det hevda.

Forbigåande problem

Sunsea Seafood konkluderer med at selskapet ikkje er insolvent, og at betalingsproblema er av forbigåande karakter. Ut frå dokumenterte verdiar er det uomtvisteleg at selskapet er solvent, og at balanseførte verdiar overgår gjelda til selskapet, blir det hevda.

Vidløftige planar

Frå saksøkjarane si side blir derimot den påståtte betalingsdyktigheita rekna for å vere lite sannsynleg. Dei viser mellom anna til at det er halde utleggsforretningar, samt registrert ei rekkje inkassosaker mot selskapet.

Verken saksøkjarane eller kredittforsikringsselskapet har akseptert planane som Sunsea har framsett for aktuelle løysingar. Desse går mellom anna ut på at delar av det uteståande blir omgjort til aksjar.

Ifylgje advokat Erik Råd Herlofsen kan saksøkjarane ikkje lenger forhalde seg til det han kallar brotne løfte og vidløftige planar.

Ikkje sannsynleggjort

Retten finn det godtgjort, med klar sannsynlegheitsovervekt, at Sunsea Seafood ikkje kan oppfylle pliktene sine etter kvart som dei forfell. Betalingsudyktigheita kan difor ikkje reknast for å vere forbigåande. Kravet mot selskapet er heller ikkje bestride.

Dommarfullmektig Margrethe Brautaset finn av ulike årsaker likevel ikkje at vilkåra for konkursopning er oppfylt etter paragrafane 62 og 63 i konkurslova. Dette har mellom anna å gjere med tidspunktet for forkynning av konkurskravet.

Retten legg mellom anna til grunn rekneskapen som viser at selskapet ved årsskiftet hadde ein positiv eigenkapital på 7,8 millionar kroner.

Dommaren slår fast følgjande: Saksøkjar har ikkje sannsynleggjort at insuffisiens (underbalanse red. mrk.) ligg føre utover å vise til at saksøkjar og øvrige kreditorar ikkje er villige til å inngå avtalar om vidare finansiering, og at skyldnaren har vist til at vidare drift førutset ei vidareføring av kredittrammer og tilførsel av likviditet på minimum 5-8 millionar kroner.