Laurdag kveld vart ei ung kvinne frå Sande 2.915.000 kroner rikare etter å ha blitt trekt ut som laurdagens Joker-kandidat.

– Er dette tull? Oi! No veit eg ikkje heilt kva eg skal seie, sa kvinna då ho fekk den glade bodskapen.

Joker-tala var i utgangspunktet vanskelege: 4-4-6-6-8. Men på det andre talet venta jokeren, og dermed var storgevinsten eit faktum.

– Dette er heilt uverkeleg. Eg klarer nesten ikkje å tru det, sa kvinna og lo då Norsk Tipping fekk ein kommentar. Inntil vidare er kvinna anonym, og i lokalsamfunnet vert det sjølvsagt spekulert i kven ho er.

Sannsynlegheita for å bli trekt ut som vinnar er om lag éin til 550.000.