– Du kan godt seie det er eit langt arbeid som no har fått sin lukkelege slutt, seier Anne Marit Kvamme. Den tidlegare leiaren av Kyrkjeringen i Sande sokn seier at huset er tredelt:

– Det er ein del for reiskapar som kan nyttast på kyrkjegarden, og så har vi romet for båretralla. I tillegg har huset også eit toalett som er ope, fortel Kvamme.

Det er første sesongen huset er ope. Framleis står det att litt utandørs arbeid, inkludert måling av bygget. Det gamle reiskapshuset, innafor murane lengst nordvest på kyrkjegarden, er no jamna med jorda, og området er stelt til. Det var som kjent ikkje mogleg å få etablert eit reiskapshus innafor murane til middelalderkyrkjegarden på Sande.

– Vi håpar og trur folk fer fint åt med huset, og vi er nøgde med resultatet, seier Kvamme.

Kostnaden, som vil ende på meir enn 300.000 kr, er det Kyrkjeringen og «folket» som har stått for. I tillegg har det vore mykje velvilje både frå privatfolk og bedrifter inn mot dette prosjektet. Også kommunen har bidrege på positivt vis, får Vestlandsnytt opplyst.