I søknaden heiter det at filmen, som blir laga i samarbeid med NRK, skal vere ein underhaldande og sjarmerande film som med varme lyftar fram den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned for at folket på Sunnmøre framleis skal ha eit lokalt radiotilbod.

Filmopptaka til den timeslange filmen starta i februar i år, og planen er at filmen skal vere ferdig produsert innan utgangen av 2018. TV-premiere er planlagt til 2019.

Vi har sterk tru på at filmen vil bli likt og sett av eit stort publikum både på Sunnmøre og i resten av landet, heiter det i søknaden om tilskot.

Kvar av dei sju kommunane er søkt om eit bidrag på 40.000 kroner. I tillegg har Sparebanken Møre fått søknad om 100.000 kroner.

75 prosent av kostnadene er planlagt dekt av NRK (500. 000), Østnorsk Filmsenter (300.000), Filminvest (300. 000) og Fritt ord (100.000).