Havila Borg har den siste tida legege i opplag. No kjem skipet tilbake i arbeid. Havila Aurora opererer i spotmarknaden på britisk side

Etter eit dårleg første kvartal har marknaden teke seg opp ein god del i det siste. Adm. direktør Njål Sævik i Havila Shipping ASA er fornøgd med kontraktane. Han er også fornøgd med at ratene for ankerhåndterarar (AHTS) betrar seg.

-Eg er fornøgd med at Total har tildelt oss denne kontrakten, og reknar med at marknaden vil betre seg framover våren og sommeren» understreka Sævik.

Dei to fartøya startar arbeidet med Total E&P UK i byrjinga av mai.